- 1/1
Barne- og familiekonseptet Jubelblues har treft ein innertiar med å spele blues for barn. Jubelblues er gøy for både små og store, og på konsertane kan alle delta. Her får barna fritt spelerom til å bruke spontaniteten sin på ein leikande og inkluderande måte.
Jubelblues starta då rhythm and blues-bandet Good Time Charlie fekk ein framifrå idé om å lage eit musikkprosjekt på dialekt for barn i alle aldrar. Sidan den gong har Jubelblues spelt mange hundre konsertar, gitt ut fire barneplater, laga syng-med-videoar til songane og gitt ut musikkbøker til platene. Musikken er energisk rhythm and blues, tekstane er på vestlandsdialekt, og songane er lette å synge med på.
Her kan alt skje – og alle kan vere med.
Jubelblues består av:
Arle Hjelmeland – song, munnspel, kazoo
Steinar Karlsen – gitar, song
Morten Skage – bassgitar, song
Einar Olsson – trommer, song
Jubelblues har òg vore mykje brukt på turnear for Kulturtanken og Den kulturelle skulesekken (DKS), og songar frå platene ligg på spelelistene til NRK Radio Super.