Hopp til hovudinnhald

Familiesøndag: Høgtlesing og teikneverkstad med Ida Eva Neverdahl

Forfattar og teikneserieskapar Ida Eva Neverdahl inviterer til høgtlesing av boka si Sirkuset. Etter høgtlesinga held ho teikneverkstad for barn.

Aasentunet
Indrehovdevegen 176 6160 Hovdebygda
06. des. 2026
12.00 – 14.00
Kjøp billett
  • 1/1
    Ida Eva Neverdahl

Velkomen til ein fargerik og fantasifull dag i Aasentunet. 

Forfattar og teikneserieskapar Ida Eva Neverdahl inviterer til høgtlesing av boka si Sirkuset. Etter høgtlesinga held ho teikneverkstad for barn. Verkstaden passar godt for barn i alderen 5–12 år, men er open for alle.

  • Portrettfoto av Ida Eva Neverdahl
    Forfattar og illustratør Ida Eva Neverdahl kjem til Aasentunet denne søndagen. Gry Dahl

Ida Eva Neverdahl er både forfattar og illustratør av eigne bøker og teikneseriar og har ein levande strek. Sirkuset er den første boka i den nye biletbokserien hennar Lucy klarer alt, der vi får vere med på alt det sprøe den oppfinnsame Lucy pønskar ut for å gjere kvardagen litt ekstra gøyal.

Om boka Sirkuset 
Lucy er ei jente som klarer alt, og no vil ho prøve noko nytt: Ho vil bli sirkusdirektør. Det er berre eitt lite problem: Ho har ingen sirkusartistar! Dette er sjølvsagt ikkje noko hinder for Lucy. Ho har nemleg ein veldig god plan.

 

  • Nærbilete av barnehender som fargelegg ei teikning
    1/1
    Velkomen til teikneverkstad Pixabay