Hopp til hovudinnhald

Familiesøndag: mini-kino og haustbingo

Vi inviterer til ein koseleg haustsøndag i tunet med mini-kino og bingo for store og små.

Aasentunet
Indrehovdevegen 176 6160 Hovdebygda
11. okt. 2026
12.00 – 14.00 / GRATIS

Vi inviterer til ein koseleg haustsøndag i tunet med mini-kino og bingo for store og små. Opplegget startar med vising av kortfilmen Kakerlakken med den stygge frakken i Salen. Deretter er det duka for ein innhaldsrik haustbingo. 

  • Illustrasjon fra filmen "Kakerlakken med den stygge frakken"
    1/1
    Illustrasjon fra filmen "Kakerlakken med den stygge frakken" Martine Grande

Kakerlakken med den stygge frakken er historia om kakerlakken som får tunge vintertankar, og om korleis ein kan finne lyset og varmen gjennom dei mørke månadene. Historia er skriven og illustrert av Martine Grande og kom ut som biletbok for barn i 2013. Same år kom forteljinga i kortfilmformat. Dette er ei historie det er lett å bli glad i. Filmen varer i om lag 9 minutt og passar frå 3 år og oppover.

Etter filmvisinga kan heile familien delta på ein innhaldsrik og morosam haustbingo med postar i utstillinga, kafeen og uteområdet. Her er det stort spenn i oppgåver for både aktive, leseglade, kreative og nysgjerrige folk. 

Kafeen er open med varmande kakao og gode bollar, og det er fri inngang til utstillinga.

  • 1/1