Trine Østereng og Jens Kihl har begge skrive bøker der dei, både frå eit personleg og samfunnsøkonomisk perspektiv, undersøker korleis endringane i Noreg dei siste tiåra påverkar kvardagen til vanlege folk.
I dette møtet inviterer dei til ein open samtale som kastar lys over eit av vår tids mest brennande spørsmål: Kva skjer med samfunnet når ulikskapen får vekse?
Arrangementet er i samarbeid med SpareBank 1 SMN, og Fredric Holen Bjørdal ønsker velkomen.
Trine Østereng er rådgjevar i Tankesmien Agenda. Ho er utdanna statsvitar og har tidlegare jobba som nestleiar i sekretariatet til stortingsgruppa i SV. Ho har også vore rådgivar for SV i ei rekkje fagkomitéar på Stortinget. Farlege forskjellar. Kvifor stor økonomisk ulikskap er eit samfunnsproblem (2025) er hennar første bok. Østereng vart òg publisert med kronikken Blir eg sjuk, blir eg fattig i NRK Ytring hausten 2025, som talar til temaet denne kvelden.
Jens Kihl er målmann, journalist og forfattar. Han har tidlegare skrive bøkene Dette er også Noreg. Kommunal feelgood (2019) og Liv Signe Navarsete. Eg veit kva eg snakkar om! (2022). I boka Blakk (2025) fortel Kihl ope og ærleg om oppveksten med ei mor som ofte var blakk, og korleis han opplevde ulikskapane i Noreg i praksis. I boka ser han tilbake på desse opplevingane og snakkar med mora om korleis ho hadde det. Resultatet er ein skarp samfunnsanalyse og ei ærleg skildring av barndomen.
Arrangementet er gratis, men du sikrar deg plass ved å reservere billett.