Hopp til hovudinnhald

Festivaldagar du ikkje vil gå glipp av

Snart brakar det laust med Festspela! Aasentunet vert fylt med språk, litteratur, musikk og kunst når små og store gjester, utøvarar og frivillige samlast til fire dagar med eit sterkt og variert program.

  • Ida Karin og Tone utanfor inngangen til Aasentunet.
    1/1
    Programansvarleg Ida Karin Aarflot Kornberg og museumsleiar Tone Slenes er klare for å gi publikum fantastiske kulturopplevingar. Nynorsk kultursentrum

– Vi har jobba eit heilt år med førebuingane, og no gler vi oss til å setje det ut i livet, seier programansvarleg Ida Karin Aarflot Kornberg. Beskjeden til publikum er klar: 

– Dette er dagar du ikkje vil gå glipp av. Med eit så engasjerande program er vi trygge på at vi går ei flott festivalhelg i møte. Eg håper flest mogleg tek turen, anten dei vil oppleve festspeldiktaren, verte med Linda Eide på reise gjennom Jon Fosse-land eller berre nyte mylderet i tunet. 

Ei raus feiring av det nynorske 
Festivalen samlar store namn, engasjerande stemmer og tankevekkjande perspektiv i mange ulike former. Med det prisvinnande Sverre Fehn-bygget og dei historiske omgjevnadene i Aasentunet får festivalen ei ramme som ingen kan kopiere.  

– Vi tilbyr noko heilt særeige: ein nynorsk språk- og kulturfestival der kombinasjonen av stad og innhald gjer oss unike, seier museumsleiar Tone Slenes. Ho er oppteken av at Festspela skal vere ein festival for alle.  

– Du treng ikkje vere arkitekt eller litteraturkjennar for å trivast her. Vi lovar god stemning, interessante møte, fine opplevingar og god mat for alle som kjem. 

Lys, mørke, Lothepus og Jubelblues
Årets festivaltema er «Lys og mørke». Under opninga torsdag utforskar festspeldiktar Brynjulf Jung Tjønn og musikar Eirik Havnes desse motsetnadene i ei musikalsk framsyning presentert av Linda Eide.  

Publikum får fleire høve til å bli kjende med festspeldiktar Brynjulf Jung Tjønn, mellom anna når elevar frå Volda vidaregåande skule inviterer han til bokbad. Programmet spenner vidt, frå Ivar Aasen-minneforedraget med Arne Apelseth til Astrid Sverresdotter Dypvik si forteljing om Noregs forhold til Tyskland. Lothepus byr dessutan på uvanlege livsråd om heilt vanlege ting, noko som viser den store breidda i årets festival. 

Laurdag føremiddag er det full rulle for barna i Aasentunet, slik tradisjonen er. Lurivar er på plass, og det blir høgtlesing med festspeldiktar Brynjulf Jung Tjønn og familiekonsert med rhythm and blues-bandet Jubelblues.  

Dei gode samtalane
– Ein av våre kjæraste Festspel-tradisjonar er dei gode, fordjupande samtalane, fortel Ida Karin Aarflot Kornberg.  

I år møtest mellom andre Erlend Loe og Tore Renberg til samtale om å skrive på nynorsk og bokmål, medan Sunniva Relling Berg snakkar med romandebutantane Odd Vegard Paulsen og Anne-Lise Frøland i «Debutantpraten». I «Kriminelt mørk kvalitet» samtalar Laura Djupvik med Agnes Ravatn og Ruth Lillegraven om å skrive fram kompliserte og nyanserte karakterar. I «Språk som premiss for demokrati», leia av Astrid Sverresdotter Dypvik, vil professor i rettshistorie, Jørn Øyrehagen Sunde, innsikt- og analysesjef i Språkrådet, Lars Ivar Nordal, og direktør i Nynorsk kultursentrum, Olav Øyehaug Opsvik, drøfte språket som premiss for eit reelt demokrati.  

Magiske konsertkveldar
Utescena i Aasentunet er staden for magiske konsertopplevingar når Oddny, Valkyrien Allstars og Camilla Granlien Band gjer sin entre. 

– No er vi sprekkeferdige av forventning og klare for å gi publikum fantastiske kulturopplevingar, avsluttar Kornberg.