Hopp til hovudinnhald

Festivalfunn for dei nyfikne

Det finst alltid skattar å oppdage i eit godt festivalprogram, og Festspela byr på fleire freistingar for den nyfikne. Her er nokre utvalde festivalfunn som kan gi ny kunnskap, meir å tenkje på eller noko å le hjarteleg av.

  • Tone og Ida smiler mot kamera med dus bakgrunn
    1/1
    Museumsleiar Tone Slenes og programansvarleg Ida Karin Aarflot Kornberg freistar med opplevingar som kan overraske den nyfikne.

– Vi veit at mange vel det dei kjenner frå før, seier programansvarleg Ida Karin Aarflot Kornberg. – Samstundes rommar programmet opplevingar som kan overraske, dersom ein lèt seg sjølv prøve noko nytt. 

Torsdag kveld tek Linda Eide over Peisestova på Møre folkehøgskule med «Muffens i posen». Her brukar Eide alt ho har lært av fagfolk og lekfolk, og ho gyv laus på det fascinerande, fantastiske, herlege og ytst irriterande fenomenet som omgir oss tjuefire sju: språket!   

– Stemninga i Peisestova på folkehøgskulen er heilt unik, seier Kornberg. – Og med Eide på scena får du både latter og lærdom på kjøpet.   

Laurdagsprogrammet spenner frå det leikne til det ettertenksame. Midt på dagen fyller Jubelblues utescena i Aasentunet. Jubelblues er gøy for både små og store, og på konsertane kan alle delta. Seinare på ettermiddagen leiar Bjørn Vatne ein samtale mellom Brynjulf Jung Tjønn og Lars Petter Sveen. Temaet er lys og mørke i litteraturen til Jan Roar Leikvoll – ei av dei mest særmerkte røystene i nyare norsk litteratur.  

Same kveld inviterer Store norske leksikon til festivalkviss om alt mellom himmel og jord. Her er alle velkomne, åleine eller saman med eige kvisslag. Ifølgje kvissmeister og forlagsredaktør i Store norske leksikon, Erik Bolstad, kjem ein langt med allmennkunnskap, men truleg lengre om ein les seg opp på snl.no sine 190 000 leksikonartiklar.

Søndag held fram i det same spennet mellom innsikt og oppleving. I samtalen «Språk som premiss for demokrati» møter vi professor i rettshistorie, Jørn Øyrehagen Sunde, innsikt- og analysesjef i språkrådet, Lars Ivar Nordal og direktør i Nynorsk kultursentrum, Olav Øyehaug Opsvik. Dei vil mellom anna samtale om kva rolle språk spelar i eit demokrati. Panelsamtalen blir leia av Astrid Sverresdotter Dypvik. 

Seinare samlar Festspela til Ivar Aasen-stemne, eit folkemøte i ei liknande form som ein hadde i tunet på Aasen si tid. Forfattar Tore Renberg held årets stemnetale, medan Camilla Granlien Band held konsert med «Kjærleik, liv og død» – eit musikalsk møte med nyskrivne melodiar og dei sterke og tidlause tekstane til Loms-diktaren Tor Jonsson.   

– Søndagen opplever vi alltid som ei god avslutning på fire livlege festivaldagar, seier museumsleiar Tone Slenes. – Ivar Aasen-stemnet gir rom for å lande, reflektere og sjå nye samanhengar, avsluttar ho.    

  • Linda Eide portrett med mørk bakgrunn
    1/7
    Torsdag kveld tek Linda Eide over Peisestova på Møre folkehøgskule med «Muffens i posen». Tore Zakariassen
  • Fire personar som dyttar ein raud sportsbil.
    2/7
    Laurdagsprogrammet spenner frå det leikne til det ettertenksame. Midt på dagen fyller Jubelblues utescena i Aasentunet. Oddleiv Apneseth
  • Portrett av Bjørn Vatne
    3/7
    Bjørn Vatne. Laurdag ettermiddag leier han ein samtale mellom Brynjulf Jung Tjønn og Lars Petter Sveen. Temaet er lys og mørke i litteraturen til Jan Roar Leikvoll – ein av dei mest særmerkte røystene i nyare norsk litteratur.  Julie Pike
  • Portrett av forlagsredaktør Erik Bolstad
    4/7
    Laurdag kveld inviterer forlagsredaktør Erik Bolstad i Store norske leksikon til festivalkviss om alt mellom himmel og jord. Tomaris Semet
  • Collage av samtaledeltakarane
    5/7
    I denne panelsamtalen møter vi professor i rettshistorie, Jørn Øyrehagen Sunde (nede i midten), innsikt- og analysesjef i språkrådet, Lars Ivar Nordal (oppe til høgre) og direktør i Nynorsk kultursentrum, Olav Øyehaug Opsvik (nede til høgre). Panelsamtalen blir leia av Astrid Sverresdotter Dypvik (heilt til venstre). Eivind Senneset, Oda Hveem, Nynorsk kultursentrum, Agenda
  • 6/7
    Søndag held forfattar Tore Renberg årets stemnetale. Petter Sandell
  • 7/7
    Camilla Granlien Band held konsert med «Kjærleik, liv og død» søndag. Ingvil Skeie Ljones