Hopp til hovudinnhald

Festspela inviterer til Festsprell

På Festsprell-programmet i år har vi både forfattarmøte, familiekonsert og barnebokbad. I tillegg kjem Lurivar på besøk for å ta publikum med på ei eventyrleg leseøkt.

  • Konstituert arenaleiar og ansvarleg for Festspela Ida Karin Aarflot Kornberg saman med Lurivar.
    1/1
    Konstituert arenaleiar og ansvarleg for Festspela Ida Karin Aarflot Kornberg saman med Lurivar som dukkar opp i Aasentunet under Festspela. Maria Fet / Nynorsk kultursentrum

 – Festspela er også ein festival for barn og unge, med arrangement som famnar om fleire sjangrar. Vi lovar mykje leik og moro. Fleire av arrangementa er gratis, og vi håper mange barnefamiliar vil ta del i Festsprell-programmet, seier konstituert arenaleiar og ansvarleg for Festspela Ida Karin Aarflot Kornberg.

Forfattarmøte som inspirerer til lese- og skrivelyst
Fredag 13. juni på Ørsta folkebibliotek fortel Tore Kvæven om livet  som forfattar med utgangspunkt i romanen Når landet mørknar, og om det norrøne Grønlands historie. Han tek òg ein sveip innom islendingesogene, og fortel om korleis finne inspirasjon og motivasjon når ein arbeider med prosjekt på eiga hand. Dette er eit gratis arrangement som også passar eit vakse publikum.

Same dag besøker Maria Parr og Åshild Igrens Ulstein bibliotek. Maria Parr vil lese frå siste boka om Ida og Oskar – Oskar og eg. Alle plassane vi er. Parr og Igrens har laga fleire bøker saman og vil vise korleis dei skriv og teiknar forteljingar.

Barnas dag i Aasentunet 
Lurivar er endeleg tilbake i Aasentunet og inviterer til ei sprudlande eventyrstund med forteljinga om Veslemonster og Storemonster – Monster i mørket laurdag 14. juni kl. 11.00.

Det blir også ei overraskande, morosam og leiken framsyning for heile familien på Utescena med konserten Med lasso og hatt. Skodespelar Inger Bakke har med seg musikarane Jorun Marie Kvernberg og Kristina Bjørdal Farstad, som saman framfører nokre av festspeldiktar Marit O Kaldhol sine tekstar.

Festsprella i tunet blir avslutta med eit barnebokbad med Vegard Markhus. Han er ein kjær barnebokforfattar og musikar i bandet Naboen min. Femteklassingane Georg, Sebastian og Jakob frå Volda intervjuar Markhus om bøkene Alien i klassen 1 og 2.

– Vi er glade for å kunne tilby eit så breitt program for barn og unge under Festspela. I år får heile fem ulike klassetrinn i Ørsta, Volda og Ulstein delta på inspirerande forfattarmøte og høgtlesingar. Dette er mogleg gjennom gode samarbeid med biblioteka og Ørsta kommune og Volda kommune, avsluttar Ida Karin Aarflot Kornberg.

Museum24:Portal - 2025.06.11
Grunnstilsett-versjon: 2