Hopp til hovudinnhald

Festspeldiktaren

  • Brynjulf Jung Tjønn i svart t-skjorte framfor eit murbygg
    Brynjulf Jung Tjønn Maria Kleppe Vihovde / Cappelen Damm

Brynjulf Jung Tjønn er festspeldiktar i 2026

Brynjulf Jung Tjønn er festspeldiktar når Festspela går av stabelen 11.–14. juni2026. Temaet for Festspela 2026 er «Lys og mørke». 

«Lys og mørke» er meir enn kontrastar – det speglar korleis vi forstår verda rundt oss. I ei tid prega av klimaendringar, krig, teknologisk utvikling og sosiale skiljelinjer, er temaet meir aktuelt enn nokon gong. Festspeltemaet finn også inspirasjon i Brynjulf Jung Tjønn si bok «Alt det lyse og alt det mørke» (2017).  

Festspela 2026 samlar aktuelle forfattarar, føredragshaldarar og artistar som kastar lys over det som rører seg i samfunnet, og som vågar å gå inn i det mørke for å finne innsikt og håp. Gjennom litteratur, kunst, samtalar og musikk inviterer vi til refleksjon, opplevingar og nye perspektiv. 

Brynjulf Jung Tjønn er ein kritikarrost og allsidig forfattar som har gitt ut bøker for barn, ungdom og vaksne. Tjønn skriv poetisk og innsiktsfullt om sterke tema som rasisme og familiekriser. Han nyttar nyskapande bilete i kombinasjon med eit enkelt og direkte språk. Som lesar kjenner ein tekstane hans på kroppen. Tjønn fekk Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok for «Så vakker du» er i 2013 og Kritikerprisen og Nynorsk litteraturpris i 2022 for diktboka «Kvit, norsk mann».  

Boka «Kvit, norsk mann» tar for seg rasisme og korleis det er å vekse opp som utanlandsadoptert i Noreg. Diktsamlinga «Norsk kjærleik» (2024) følgjer opp tematikken frå «Kvit, norsk mann», og i boka formidlarTjønn tankane sine om Noreg og det norske.  

Du kan lese meir om festspeldiktaren 2026 på SNL.no.

  • Brynjulf Jung Tjønn med diplomet for Nynorsk litteraturpris 2022 og ein blomsterbukett, utanfor Aasentunet
    1/2
    Brynjulf Jung Tjønn fekk Nynorsk litteraturpris for 2022 Nynorsk kultursentrum
  • Brynjulf Jung Tjønn les høgt frå ei av bøkene sine i utstillinga i Aasentunet. I framgrunnen ser vi publikum som sit og høyrer på høgtlesinga.
    2/2
    Brynjulf Jung Tjønn under Festspela 2023 Nynorsk kultursentrum

Inger Bråtveit blir festspeldiktar i 2027

Den prislønte forfattaren Inger Bråtveit blir festspeldiktar under Festspela 2027, som går av stabelen 10.–13. juni. Ho debuterte i 2002 og har sidan markert seg med fleire kritikarroste romanar. 

Bråtveit er litteraturvitar med masteroppgåve om Is-slottet av Tarjei Vesaas, og arbeider som omsetjar, journalist og skrivelærar. Ho kjem frå Suldal i Rogaland. 

Du kan lese meir om festspeldiktaren 2027 på SNL.no.

  • Portrett av Inger Bråtveit
    1/1
    Inger Bråtveit Signe Fuglesteg Luksengard / Forlaget Oktober