Hopp til hovudinnhald

Festspelutstillinga

NB! Arrangementet har funne stad

Årets festspelkunstnar for 2026 er Leif Nyland, som stiller ut oljemåleri. Utstillinga vil henge oppe til og med 4. juli 2026.

Kunsthuset, Ørsta
Kunsthuset, Webjørn Svendsen-gata 7, 6150 Ørsta
11. juni – 04 .juli 2026
Gratis
  • Portrett av Leif Nyland
    Leif Nyland Ida Christin Foss

Leif Nyland kjem frå Vikane utanfor Fredrikstad. Han er utdanna ved Kunsthøgskolen i Oslo med ein master i visuell kunst og bachelor i grafikk, og har hatt ei rekkje separat- og kollektivutstillingar. 

Motiva i Nyland sine måleri krinsar rundt landskap og arkitektoniske element. Med abstraksjonar, kontrastar og ein rik fargepalett, skaper han stemningsfulle og nærast filmatiske augneblink, fanga på lerretet. Lys og skugge står sentralt i måleria hans. Som kunstnaren sjølv uttaler det: “Årets festivaltema med lys og mørke er eit evig aktuelt tema også i målekunsten. Du får ikkje dynamikk og bevegelse utan kontrastane.”

 

Utstillinga har følgjande opningstider: 

Torsdag: kl. 12.00–16.00 

Fredag:   kl. 12.00–16.00 

Laurdag: kl. 12.00–16.00 

Utstillinga vil henge oppe til og med 4. juli 2026.  

Arrangør er Volda og Ørsta kunstlag og Aasentunet.