Hopp til hovudinnhald

Festsprell: Barnebokbad med Vegard Markhus

Ulrik kjenner seg aleine i klassen, nesten litt alien. Men så dukkar det opp ein alien i klassen, og Ulrik er ikkje aleine lenger.

NB! Arrangementet har funne stad

Alien i klassen 1 og 2 er artige bøker om ekte venskap, skrivne og illustrerte av Vegard Markhus. Han vert intervjua av dei tre erfarne bokbadarane Sebastian Pinaas (11), Jakob Brandsæter (10) og Georg Fagna-Breivik (11).

Salen, Aasentunet Festspela 2025
14. juni 2025
13.00 / Laurdag

«Alien i klassen 1 og 2» er artige bøker om ekte venskap, skrivne og illustrerte av Vegard Markhus. Han vert intervjua av dei to erfarne bokbadarane Jakob Brandsæter (10) og Georg Fagna-Breivik (11). 

Vegard Markhus er forfattar, illustratør og lærar. Han debuterte som forfattar i 2008. For «Timothy mister seg sjølv», som kom i 2010, fekk han Nynorsk barnelitteraturpris. I 2019 kom «Det runde problemet», som blei nominert til Kulturdepartementets barne- og ungdomslitteraturpris for beste biletbok. «Alien i klassen» er den niande boka hans. Markhus er også musikar. Saman med Bjørnar Sangolt utgjer han duoen Naboen min, som lagar musikk for barn. I 2019 vart dei tildelt Spellemannsprisen for plata «Rockesock». 

Arrangementet er eit samarbeid mellom Nynorsksenteret og Festspela.

  • Profilbilde av Vegard Markhus framom ein vegg med murpuss
    1/2
    Vegard Markhus Øyvind Sundfør Stokke-Zahl
  • tre gutar framom ei bokhylle, to av dei held kvar si bok av Vegard Markhus
    2/2
    Frå venstre: Sebastian Pinaas (11), Georg Fagna-Breivik (11) og Jakob Brandsæter (10) Pressefoto
Museum24:Portal - 2025.06.11
Grunnstilsett-versjon: 2