- 1/1
Lurivar og Ida Haugland gler seg til "Festsprell". Aasentunet
– Arrangementa for barn og unge femnar vidt, både i Aasentunet og ute i skulane. Sjå etter programpostar som er merkte med «Festsprell». Då finn du dei lett i programmet, seier formidlar Ida Haugland.
Bokbad med festspeldiktaren
Festspeldiktar Brynjulf Jung Tjønn møter elevar frå Volda vidaregåande skule til bokbad i Aasentunet fredag. Arrangementet er eit samarbeid med Nynorsksenteret og tek utgangspunkt i bøkene Norsk kjærleik og Kvit, norsk mann. Elevane styrer samtalen og utfordrar forfattaren med eigne perspektiv.
– Vi trur dette blir eit spennande møte mellom festspeldiktaren og elevane, og vi håpar mange vil få det med seg, seier Haugland.
Lurivar og lesestund for dei minste
Laurdag kl. 11 blir det eit eige opplegg for dei yngste. Lurivar møter barna i kafeen i Aasentunet og tek dei med vidare inn i utstillinga, der festspeldiktaren les frå barnebøkene sine.
– Barn og unge er ei viktig målgruppe for oss, og vi er glade for å kunne prioritere gode tilbod for dei yngste i festivalprogrammet, seier museumsleiar Tone Slenes.
Full rulle med Jubelblues på utescena
Laurdag føremiddag er det klart for familiekonserten «Full rulle» på utescena i Aasentunet. «Jubelblues» er eit musikkprosjekt på dialekt for born i alle aldrar. Musikken er herleg «rhythm and blues», og songane er lette å synge med på.
– Vi ønskjer å gi familiane gode festivalopplevingar med energi på scena og musikk som engasjerer både små og store, seier programansvarleg Ida Karin Aarflot Kornberg.
Konsertar også for ungdom
Fleire av dei større konsertane under Festspela er også aktuelle for ungdom, mellom anna opningskonserten med Oddny torsdag og konserten med Valkyrien Allstars laurdag. Ungdom under 18 år kan kome inn i følgje med ein vaksen.
- 1/6
Festspeldiktaren Brynjulf Jung Tjønn besøker Volda vidaregåande skule, han blir bokbada av skuleelevar i salen i Aasentunet, og han er med på festsprell med Lurivar i utstillinga. Maria Kleppe Vihovde / Cappelen Damm - 2/6
Forfattarbesøk: Hilde Myklebust kjem på skulebesøk til skular i Ørsta og Volda. Helle Frogner - 3/6
Festivalen får også besøk frå Store norske leksikon, som byr på føredrag og tankeverkstad om KI for elevar på ungdomstrinnet. - 4/6
Forfattarbesøk: Sunniva Relling Berg møter skuleelevar på Ørsta folkebibliotek. Tove K. Breistein - 5/6
Familiekonsert: Laurdag blir det "Full rulle med Jubelblues" på utescena i Aasentunet. Oddleiv Apneseth - 6/6
Laurdag blir det festsprell i Aasentunet med Lurivar og festspeldiktar Brynjulf Jung Tjønn. Nynorsk kultursentrum
- 1/4
Norsk kjærleik, Brynjulf Jung Tjønn Cappelen Damm - 2/4
Kvit, norsk mann, Brynjulf Jung Tjønn Cappelen Damm - 3/4
Kva tenker du på? Brynjulf Jung Tjønn Samlaget - 4/4
Grisungen med den rette halen, Hilde Myklebust og Bård Sletvold Torklidsen Samlaget