Marit sitt hovud er ikkje så lett å forstå seg på, heldigvis, så då blir det aldri kjedeleg. Nokre gongar er tankane hennar heilt på styr og andre gongar sit dei pikkande stille på ei trapp. Nokre må fangast med lasso og andre må lirkast opp av ein hatt. Bli med på ein overraskande, morosam og leiken konsert i lag med 3 (kanskje 4) cowgirls.
Til denne framsyninga kjem det cowgirls med lasso og hatt som skal fange inn forfattar Marit sine ganske ville idear.
Kanskje fangar vi forfattaren òg?
HIV DEG MED!
Inger Bakke er skodespelar og har arbeidd med Marit Kaldhol sine tekstar i ei årrekke. Med seg har ho dei eminente musikarane Jorun Marie Kvernberg på fele og Kristina Bjørdal Farstad på trekkspel.
For alle aldrar.
Varigheit: 45 min
- 1/2
Kristina Bjørdal Farstad og Jorun Marie Kvernberg Pernille Holsvik - 2/2
Inger Bakke Håvard Jangaard Strand