- 1/1
Agnete Brun
Filmen Kjærast, regissert av Erik Poppe, rullar no over kinolerreta i Noreg. Jon Fosse skreiv manuset til filmen allereie i 1997, under arbeidstittelen Bad Moon Rising. I arbeidet frå manus til film, har Poppe og Fosse hatt jamlege samtalar om prosjektet og den felles interessa deira for å fortelje dei gode historiene.
Denne kvelden viser vi opptak av ein av samtalane mellom forfattaren og regissøren. Her får du eit unikt innblikk i samarbeidet dei imellom. Kva var inngangen til å lage ein slik film? Kva skjer med historia når ho flyttar seg frå papir til lerret? Korleis kjem det usagde fram på ulike måtar i dei to formata? Og kva synest Fosse om det ferdige resultatet som no blir vist på filmlerreta? Blei det slik han såg føre seg?
Samtalen blir supplert med små glimt frå utvalde scener frå filmen. Du treng ikkje å ha sett filmen for å ha glede av samtalen. Aasentunet tilrår likevel alle å sjå Kjærast på kino. Det er den første og einaste filmen Fosse har skrive manus til.
Om filmen:
Kjærast handlar om Asle og Gerd, som møtest i ein liten kystby lengst vest mot havet. Dei blir foreldre til ein gut, og for ei stund er lykka fullkommen. Så reiser Asle til sjøs, og Gerd er heime aleine med barnet. Kor mykje avstand toler kjærleiken?
Museet og kafeen er ope kl. 17.00– 20.30 denne kvelden.