Bokomslag Flygelet ved fjorden av Lars Amund Vaage
Opplev ein roman i konsertformat.
I haust kjem Lars Amund Vaage ut med romanen Flygelet ved fjorden. Tittelen peikar mot den sentrale plassen musikken har i forfattarskapen hans, og også i denne romanen er det eit musikalsk og poetisk språk mellom permane. Saman med musikar Geir Hjorthol inviterer han til å oppleve romanen i konsertformat.
Forfattaren presenterer romanen etterfuglt av ein litterær konsert. Han les utdrag frå romanen, medan Hjorthol fangar miljø og stemningar musikalsk, gjennom varierte speleteknikkar supplert med elektronisk prosessering og sampling. Musikken er elektro-akustisk og vil i stor grad bli improvisert fram i dialog med utdraga. Etter konserten signerer forfattaren bøker i kafeen.
Hans Jørgen Brun
Om boka og forfattaren
Flygelet ved fjorden er den tredje boka i ein trilogi, der dei to første bøkene har titlane Det uferdige huset (2020) og Mjølketid (2023).
Romanen er djupt personleg, fininnstilt, klangfull, rytmisk og dvelande. Lars Amund Vaage handsamar eit stoff som har vore med i bakgrunnen i alt han har skrive før, men som han først no løftar opp i lyset.
Lars Amund Vaage har ein omfattande forfattarskap bak seg: fjorten romanar, fem diktbøker, to novellesamlingar, ei essaybok, eitt skodespel og to barnebøker. Han har motteke ei rekkje litterære prisar og har vore nominert til Nordisk råds litteraturpris to gonger, sist for romanen Det uferdige huset (2020). Vaage er sjølv ein dyktig pianist og brukar dei musikalske kunnskapane og erfaringane i bøkene sine.
Om musikaren
Geir Hjorthol er frilans trompetist og professor emeritus i nordisk litteratur ved Høgskulen i Volda. Han forskar blant anna på forholdet mellom litteratur og musikk og har skrive fleire artiklar som tek føre seg romanar av Lars Amund Vaage. I haust er han aktuell med soloalbumet Hardt/mjukt.
- 1/1
Ingrid Opedal