Maria Lavik er forfattar og journalist, oppvaksen i Eksingedalen og busett i Oslo. Lavik har erfaring frå NRK, Klassekampen og Vårt Land. I 2021 gav ho ut sakprosaboka Vi, dei fattige: Åtte forteljingar om barnefattigdom. I dag les ho frå den nyaste boka si, Odelsskam. Å gje slepp på ein gard etter femten generasjonar.
Guri Sørumgård Botheim tek i romanen Høgfjellsmeldinga føre seg eit dagsaktuelt konfliktstoff: Kven har rett til å bruke fjellet og til kva? Botheim har hovudfag i allmenn litteraturvitskap frå NTNU, har gått på Forfattarstudiet i Bø og var festspeldiktar under Dei nynorske festspela i 2013. Ho arbeider som rådgjevar i Norsk Forfattersentrum.
Høyr meir frå Lavik og Botheim i samtale med Frode Flemsæter i Salen i Aasentunet 14. juni kl. 16.45.
- 1/4
Høgfjellsmeldinga av Guri Sørumgård Botheim Oktober Forlag - 2/4
Odelsskam av Maria Lavik Samlaget - 3/4
Guri Sørumgård Botheim Benedikte Skarvik - 4/4
Maria Lavik Tove K. Breistein