Tove K. Breistein
Sunniva Relling Berg kjem frå Ålesund. Ho debuterte i 2011 med den kritikarroste ungdomsromanen «Utfor», som vart nominert til Brageprisen. Ho har seinare gitt ut romanane «Beina i gitaren», «Polarnatt» og «Soldagen» for ungdom. I 2021 kom «Lyden av to hender», hennar fyrste roman for vaksne. I år kom oppfølgjaren til «Polarnatt» og «Soldagen», boka «Nattsol», om ulike typar flukt.
Berg vil også leie Debutantpraten i Aasentunet laurdag 13. juni.
Dette er eit lukka arrangement for inviterte skuleklasser, i samarbeid med Ørsta folkebibliotek.