Hopp til hovudinnhald

Forfattaren les: Erlend Loe

Høyr Erlend Loe lese frå sin siste roman «Kukene/Kukane», som er skriven på både nynorsk og bokmål i ei og same bok! 

Utstillinga, Aasentunet Festspela 2026
12. juni 2026
14.30 GRATIS
  • Cappelen Damm

«Forfattaren les» er korte opplesingar i museumsutstillinga vår som publikum kan oppleve gratis. I denne økta får du høyre Erlend Loe lese frå sin siste roman «Kukene/Kukane», som er skriven på både nynorsk og bokmål i ei og same bok.  

Ønskjer du å høyre meir frå Loe, kan du ta turen til Diktarpub same kveld, før han entrar scena att i Aasentunet laurdag 13. juni.  

Erlend Loe er ein kritikarrost og prislønt forfattar, anerkjend kritikar, omsetjar, gjendiktar og film- og serieskapar. I «Kukene/Kukane» møter vi Tander, som mistar ein del av seg sjølv, noko som passar mildt sagt dårleg. Dette er ei underhaldande forteljing om tap, tilknyting og fridom – og om kva det eigentleg vil seie å vere heil.  

Loe har sjølv uttala at den nynorske versjonen av denne merkverdige boka er den beste. Kom og vurder sjølv når Loe les Loe – på nynorsk! 

  • 1/1
    Anna-Julia Granberg Blunderbuss