- 1/2
- 2/2
For fleire hundre år sidan vart Stegleholmen brukt som rettarstad, og hittil har folk flest late han vere i fred. Då eit byggeprosjekt ute på holmen grev opp gamle knoklar, blir faren til Helene meir forvirra enn det han alt er, og verkar redd. Helene reiser heim frå eit retningslaust liv i Oslo for å hjelpe han. Somme trur at beinfunnet stammar frå dei dødsdømte som skal ha blitt avretta på holmen. Men kort tid etter at Helene kjem heim, blir ei kvinne funnen drepen der ute. Folk i bygda leitar etter svar, men kven kan ein stole på?
Laura Djupvik kjem frå Gurskøy på Sunnmøre, og har skrive ei rekkje bøker for barn og vaksne. Ho er også forlagsredaktør og har bakgrunn som journalist. «Nattbarnet» er hennar debut som krimforfattar, og er ei forteljing om familie, forteiing og gjenferd frå fortida.