Maria Parr Julia Marie Nagelstad
– Når det er mørk november ute og ein er litt ettermiddagstrøytt og sliten, hadde det ikkje då vore fint å søkkje ned i eit godt sete med magen full av graut og berre bli lesen litt for? Det trur eg. Kom til Aasentunet onsdag 26.november, så ordnar vi det, seier Maria Parr.
Publikum får høyre Parr lese frå boka i om lag ein halvtime. Etter høgtlesinga blir det høve til både spørsmål og signering av bøker.
– Det er alltid stas å kunne invitere ein forfattar som får både barn og vaksne til å flire, tenkje og kjenne seg att. Maria Parr er ein av dei aller fremste forteljarane vi har, og vi gler oss til å ta imot henne på Aasentunet, seier Ida Karin Aarflot Kornberg, konstituert arenaleiar ved Aasentunet.
Maria Parr skreiv seg inn i alle sitt hjarte med debutboka Vaffelhjarte i 2005, som sidan er blitt ein moderne klassikar. Seinare har ho skrive mellom anna Tonje Glimmerdal og Oskar og eg. Bøker som har gjort henne kjend for varme, humoristiske og kloke skildringar av barn, vennskap og fantasi.
– Dette blir ei kveldsstund fylt med forteljarglede. Vi håpar mange tek turen, både små og store, seier Kornberg. Arrangementet passar for heile familien og markerer starten på førjulstida i Aasentunet.