Hopp til hovudinnhald

Fosse for dumskallar (utseld for enkeltbillettar. Få dagspass att!)

Velkomen til ei uvanleg oppleving: ei lys og lett Fosse-framsyning!

NB! Arrangementet har funne stad

Velkomen til ei uvanleg oppleving: ei lys og lett Fosse-framsyning!

salen, Aasentunet Festspela 2026
12. juni 2026
16.30
  • Linda Eide portrett med mørk bakgrunn
    1/1
    Tore Zakariassen

I framsyninga «Fosse for dumskallar» byr Linda Eide på forteljingar, analysar og anekdotar om det store litterære fenomenet frå Hardanger og verdas første nobelprisvinnar med nynorsk som hovudmål. Med seg har ho Sjur Heltnes på piano. 

Her får du eit møte med mannen, livet hans og verka hans: Kven er han? Kva skriv han? Korleis skriv han? Og ikkje minst – er Fosse verkeleg så utilgjengeleg som mange påstår? 

Dette er framsyninga for deg som ønskjer ein introduksjon til Jon Fosse, for deg som kjenner han litt, og for deg som allereie er veletablert innbyggjar i Fosse-riket.