- 1/1
Frå venstre: programansvarleg Ida Karin Aarflot, museumsleiar Tone Slenes og festspeldiktar Brynjulf Jung Tjønn. Mari Tveiti / Nynorsk kultursentrum
– I år har særleg litteraturprogrammet vore godt besøkt, med mange utselde arrangement, seier museumsleiar Tone Slenes.
Slenes trekkjer spesielt fram dei nære møta med festspeldiktar Brynjulf Jung Tjønn. Bokbadet med elevar frå Volda vidaregåande skule var eit høgdepunkt. Samtalen tok opp viktige tema som rasisme og identitet, som både rørte og utfordra publikum.
Arrangementa på Utescena trekte òg mange til Aasentunet. Opningsprogrammet torsdag, leia av Linda Eide, har hausta mange godord. Her heldt statssekretær Trude Storheim opningstalen. Det var også innslag med festspeldiktaren saman med musikaren Eirik Havnes, utdeling av prisen «Årets nynorskbrukar» til Synne Vo og konsert med Oddny.
– Det har vore gledeleg å sjå korleis publikum har teke del i festivalen, seier programansvarleg Ida Karin Aarflot. – Det har vore mykje liv i tunet og god festspelstemning gjennom heile helga.
På årets Festspel sto Brør for festivalmenyen, og baud på nye matopplevingar som hausta vellæte frå publikum
Festspela satsar breitt på barn og unge, og hadde også i år eit eige «Festsprell»-program for dei yngste, med skulebesøk, forfattarmøte, føredrag og familiearrangement i Aasentunet. Laurdag var sjølve familiedagen. Då sto møte med Lurivar, lesestund med festspeldiktaren og ein stor familiekonsert med «Jubelbrus» på programmet.
– Barn og unge er ei viktig målgruppe for oss, og vi er glade for å kunne prioritere gode tilbod for dei yngste i festivalprogrammet, seier Slenes.
Museumsleiaren vil også gjerne takke publikum, deltakarar og frivillige for innsatsen, og sponsorar og støttespelarar for samarbeidet.
– Det er mange som bidreg for å få dette til, og vi er svært takksame for både engasjementet og samarbeidet. Alt klaffa i år, til og med vêret, og vi har fått svært gode tilbakemeldingar, seier Slenes.
- 1/2
Festspeldiktar Brynjulf Jung Tjønn Liisa Mänd, Pinea Studio / Nynorsk kultursentrum - 2/2
Konsert med Oddny Liisa Mänd, Pinea Studio / Nynorsk kultursentrum
Festspela 2027
Arbeidet med Festspela 10.–13. juni 2027 er alt i gang. Neste års festspeldiktar blir den prislønte forfattaren Inger Bråtveit. Ho debuterte i 2002 og har sidan markert seg med fleire kritikarroste romanar.
Bråtveit er litteraturvitar med masteroppgåve om Is-slottet av Tarjei Vesaas, og arbeider som omsetjar, journalist og skrivelærar. Ho kjem frå Suldal i Rogaland.
- 1/1
Inger Bråtveit Signe Fuglesteg Luksengard / Forlaget Oktober