Zara og dei Elisabeth Moseng
Kortfilmen Zara og dei: Misse-konkurransen viser forteljinga om zombie-familien frå biletboka med same namn av Bjørn Sortland.
Zara har aldri høyrt om missekonkurransar før, ho veit berre at jentene i klassa seier at det er ein måte å finne ut kven som er den finaste jenta i klassa på. Og når Zara sin rare pappa tek med ei bøtte med fersk elgbæsj til konkurransen, tek ting ei uventa retning.
Forteljinga om Zara og dei vil garantert få fram eit smil og eit grøss hjå både store og små.
Filmen varer i 13 minutt og passar for alle som likar litt grøss og gru i haustmørket.
Flimen har norsk tale men er teksta på engelsk.
Vi har også ein eigen rebus for ungane i utstillinga denne dagen.
Aasentunet er ope frå kl. 11.00 til kl. 17.00.
- 1/1
Illustrasjonar ved Elisabeth Moseng og animasjon ved Nils Johan Lund og Pejman Tahernian. Pinnsvin Film AS