Aasentunet ligg like ved E39, midt mellom Volda sentrum og Ørsta sentrum, med 5 km til begge sentrum. Tunet ligg ca. ein og ein halv time med bil og ferje frå Ålesund sentrum.
Parkering
Hovudparkeringsplassen ligg like ved avkøyringa frå E39. Det er om lag 5 minutt å gå i ein ganske bratt bakke på veg opp til tunet.
Det er ein handikap-parkeringsplass rett ved inngangen og fleire vanlege parkeringsplassar oppe i sjølve tunet.Under Festspela har me skysstilbod opp bakken, og det er høve til å køyre opp for å setje folk av i sjølve tunet.
Det er sykkelstativ ved parkeringsplassen og mogeleg å parkere syklar i sjølve Aasentunet.
Avstandar og terreng i tunet
Det er om lag 50 meter å gå på betong- og asfaltdekke frå hovudbygget i Aasentunet over til utescena. Gamletunet, med Gamlemuseet, Smia, Bautaen og Stabburet ligg i ein grasbakke med høgdeskilnader og nokre steinar. Her kan det vere glatt. Inngangen til dei antikvariske bygningane er diverre ikkje terskelfri.
Kollektivtilbod
Fram Ekspress går kvar time mellom Volda og Kristiansund. Lokalbussane mellom Ørsta og Volda stansar også på haldeplassen Åsen. Det er 650 meter frå haldeplassen Åsen til Aasentunet.
Frå Ørsta-Volda lufthamn er det 2,5 km til Aasentunet. Ein kan gå til fots, anten langs Torvmyrvegen til busshaldeplassen Åsen og krysse E39 der, eller via undergangen ved Spar-butikken og vidare langs Indrehovdevegen til tunet.
Sjå kart for vegforklaring