Hopp til hovudinnhald

Ja takk, begge deler/delar: Erlend Loe og Tore Renberg om språk. I samtale med Marta Norheim


Dei har i alle fall éin ting til felles: Dei skriv begge litteratur på to språk. Kva gjer dette med litteraturen til Tore Renberg og Erlend Loe? Kva har skjedd når to av våre fremste bokmålsforfattarar etter kvart har byrja å også skrive på nynorsk? Og kva gjer dette med dei litterære røystene deira?

Dei har i alle fall éin ting til felles: Dei skriv begge litteratur på to språk. Kom og høyr Tore Renberg og Erlend Loe snakke om dette og mykje meir!

Salen, Aasentunet Festspela 2026
13. juni 2026
13.00
Kjøp billett (fritt seteval)
  • Erlend Loe Anna-Julia Granberg Blunderbuss

Erlend Loe er ein norsk forfattar, omsetjar, manusforfattar og filmmeldar. Loe debuterte med romanen «Tatt av kvinnen» i 1993 og fekk sitt internasjonale gjennombrot med «Naiv. Super» i 1996. Bøkene hans er omsette til mange språk. I 2025 gav han ut boka «Kukene/Kukane», ei utgiving som kombinerer både bokmål og nynorsk. Dette er ei forteljing om Tander som mistar ein del av seg sjølv, noko som passar mildt sagt dårleg. Loe har også i tidlegare bøker nytta nynorsk, slik som i romanen «Helvete» frå 2019, der ein sentral skikkelse i underverda snakkar dette språket. 

Tore Renberg er ein sentral norsk samtidsforfattar. Han er mest kjend for romanseriane om Jarle Klepp og for Teksas-serien om «Hillevågsgjengen», som alle er skrivne på bokmål. Han skriv òg barnebøker, skodespel og filmmanus og er i tillegg låtskrivar og popartist. Bøkene hans er gitt ut i 18 land. Romanane «Du er så lys», «Tollak til Ingeborg» og «Lorden» er alle skrivne på nynorsk. Desse romanane handlar i stor grad om gapet mellom utside og innside og mellom lyse og mørke krefter. 

Samtalen mellom desse to blir leia av Marta Norheim. Norheim er kulturjournalist og ein profilert litteraturkritikar og formidlar av norsk samtidslitteratur. Ho har tidlegare vore litteraturkritikar i NRK. 

  • 1/2
    Tore Renberg Petter Sandell
  • 2/2
    Tove K. Breistein