- 1/9
Åsmund Farstad Åsmund Erichsen - 2/9
Sunniva L. Røiland privat - 3/9
Jonas Støre Thomas Westling - 4/9
Magnhild G. Haugen Egil Hofsli - 5/9
Lova Siverts Flora Wiederkehr - 6/9
Felicia J. Storn Isa Holmgren - 7/9
Hannah Moira Midtbø Bruner Knut Utler - 8/9
Runa Kvalsund Sara Olivia Sanderud - 9/9
Jonathan Jansson Knut Utler
Det går ei folkemusikkbølgje over landet. Mange får no auga opp for folkemusikken, og unge, dyktige folkemusikarar gir nytt liv til gamal musikk. Denne kvelden kjem volding og spelemann Åsmund Farstad til Aasentunet saman med medstudentar ved Noregs Musikkhøgskule.
Folkemusikkstudiet ved Noregs musikkhøgskule er 30 år i 2026. Her har mange av våre fremste folkemusikkutøvarane vore studentar. I mars skal årets studentar vere ei veke på Søre Sunnmøre for å fordjupe seg i tradisjonane her. Som ein del av opphaldet skal dei halde konsert i Aasentunet. I spissen for folkemusikkstudentane er felespelar Åsmund Farstad frå Volda og folkesongar Runa Kvalsund med slektsrøter frå Herøy.