-
Oslo kammerkor Lucas Ibanez-Fæhn
I over 30 år har Oslo Kammerkor arbeidd med den norske songtradisjonen. Dei siste tre åra har ensemblet spissa profilen, og folkemusikken gjennomsyrer no alt koret gjer. Alle songarane blir skulerte i kveding og dans, og all musikk blir skriven spesielt for koret og prosjekta deira.
Håkon Daniel Nystedt har vore kunstnarisk leiar for Oslo Kammerkor sidan 2005, og feirar i år 20 år med koret. I doktorgradsarbeidet sitt ved Kunsthøgskolen i Oslo har han sidan 2022 utvikla nye metodar for musikalsk leiing, der songarar og musikarar får større eigarskap og spelerom.
På konserten vil det bli eit breitt spekter av norsk tradisjonsmusikk frå heile landet. Du får høyre gammalt ballademateriale så vel som skillingsviser, både fin- og grovkorna stev, pietistiske salmar og slåttemusikk. Men det overordna temaet for konserten er kjærleik, og i folkemusikken går det sjeldan stillferdig for seg…
Til dette prosjektet har Oslo Kammerkor med seg den unge felespelaren Åsmund Farstad, med spesialitet på materiale frå Sunnmøre. Korets eigen Martin Steinum Brun (kåra til Årets unge folkemusiker 2024) har med materiale frå Gudbrandsdalen.