-
Valkyrien Allstars Erik Havnes
Valkyrien Allstars er kjend som eitt av dei beste konsertbanda i landet, og har sidan den første utgjevinga i 2007 gått fremst i utviklinga av folkemusikk. Med fantastiske musikarar og ein stor katalog av innspelt musikk, flyttar bandet den tradisjonelle folkemusikken i retning popmusikk. Bandet står i bresjen for ei ny bølgje av «unge folkemusikk-band» og reknast av mange som pionerar for den nye folkemusikken.
Albumet Slutte og Byne (2020), gav dei Spellemann i kategorien «Vise» . Etter suksessen er dei endeleg tilbake med endå eit flott album. Venter på noen, som venter på noen tek opp tråden frå førre album, og bandet sjølv seier det slik: «Erik har blitt enda bedre på gitar, Martin har lært seg å spille banjo, Magnus har limt bassen og Tuva har fylt pennen.»
Festspela er stolte av å ønskje publikum velkomen til konsert med Valkyrien Allstars på den flottaste scena i Ørsta, Utescena i Aasentunet, laurdag 13.juni 2026.
Valkyrien Allstars består av Tuva Syvertsen, Magnus Larsen Jr., Erik Sollid og Martin Langlie.