Hopp til hovudinnhald

Kriminelt mørk kvalitet: Samtale mellom Agnes Ravatn og Ruth Lillegraven, leia av Laura Djupvik

Kva kjenneteiknar den nynorske krim- og thrillersjangeren i dag, frå hovudkarakterar til biroller, landskap og lokalsamfunn til språklege val og perspektiv?

I denne litterære samtalen møtest Lillegraven og Ravatn til samtale med Djupvik for å utforske eigne røyster i litteraturen.

Salen, Aasentunet Festspela 2026
13. juni 2026
18.15
Kjøp billett (fritt seteval)

Ruth Lillegraven, Agnes Ravatn og Laura Djupvik skriv alle fram karakterar som er  sterke, sårbare, kalkulerande og kompliserte på same tid. Gjennom sterke, nyanserte og til tider urovekkande portrett opnar bøkene for spørsmål om makt, identitet, rettferd og grensene for kva vi kan forstå – både hjå andre og i oss sjølv.  

I denne litterære samtalen møtest Lillegraven og Ravatn til samtale med Djupvik for å utforske eigne røyster i litteraturen. Med utgangspunkt i bøkene sine viser dei mellom anna korleis hovudkarakterar kan romme motsetnader: handlekraft og tvil, omsorg og raseri, styrke og sårbarheit. 

Agnes Ravatn har gitt ut fleire kritikarroste og populære bøker, blant anna «Fugletribunalet» og «Dei sju dørene», der sistnemnde er ein urovekkande roman om mørke løyndommar og farleg nysgjerrigheit. Ravatns særeigne, vittige røyst og skarpe blikk for menneskeleg svakheit går alltid att og vinn gjenklang hjå lesarane. 

Ruth Lillegraven har skrive ei rekkje bøker for barn og vaksne. I 2018 kom den første av tre bøker i krimserien om Clara Lofthus – ei overraskande, velskriven og medrivande forteljing. « Mitt neste liv» frå 2025 avsluttar trilogien. 

Laura Djupvik kjem frå Gurskøy på Sunnmøre og har skrive ei rekkje bøker for barn og vaksne. Ho er også forlagsredaktør med  bakgrunn som journalist.  «Nattbarnet» er hennar fyrste krimroman, og er ei forteljing om familie, forteiing og gjenferd frå fortida.

  • 1/7
    Agnes Ravatn Agnete Brun
  • 2/7
    Ruth Lillegraven Agnete Brun
  • 3/7
    Laura Djupvik Cappelen Damm
  • 4/7
  • 5/7
  • 6/7
  • 7/7