Hopp til hovudinnhald

Leif Nyland er årets festspelkunstnar 

Med rik fargepalett og sterke kontrastar mellom lys og skugge skapar Leif Nyland måleri med filmatisk stemning. No er han vald til årets festspelkunstnar under Festspela og er aktuell med festspelutstilling i Kunsthuset i Ørsta.

  • Samansett bilde med portrett av Nyland og eit måleri i sterke fargar
    1/1
    Leif Nyland / "Ned mot sjøen" Ida Christin Foss
  • Fargesterkt måleri av ein bygning som speglar seg i sjøen med blå bakgrunn. Leif Nyland
    "Når tåken letner" Leif Nyland

I måleria sine utforskar Nyland landskap og arkitektoniske element. Gjennom abstraksjonar, kontrastar og ein rik fargepalett fangar han stemningsfulle og nærast filmatiske augneblink på lerretet. Lys og skugge står sentralt i arbeida og knyter kunsten tett opp mot årets festivaltema.  

Ifølgje Nyland sjølv er det kontrastane som byggjer spenninga, augneblinkane og får oss til å stoppe.    

– Lyset og skuggane fortel oss om det evige, men også om augneblinkane vi plutseleg er til stades i, seier han.    

– Dei blå måleria nærmar seg eit slags mørke, men ikkje utan at det er lys der, medan det i andre måleri er lyset som fortel historia.  

Mange av motiva vi får oppleve under Festspela, inneheld eit hus eller berre ein del av ein vegg.  

– Dette er stader eg har vakse opp med, forklarer Nyland. – Men eg forstod ikkje kva dei prøvde å fortelje meg, før eg faktisk byrja å måle. Det handlar til slutt om å setje i scene dei augneblinkane eg trur vi berre har hatt ei kjensle av tidlegare.  

Leif Nyland kjem frå Vikane utanfor Fredrikstad. Han er utdanna ved Kunsthøgskolen i Oslo med ein master i visuell kunst og bachelor i grafikk.  

– Det å få vere festspelkunstnar er stort, men å bli beden om å representere temaet «Lys og mørke» er endå større! Når biletkunsten, musikken og litteraturen møtest, blir det kraftfullt. Og med den fantastiske ramma som Festspela set, så blir det utruleg spennande å få vise kunsten sin i Ørsta, seier Nyland.  

Valet av festspelkunstnar skjer i tett dialog mellom Festspel-arrangørane og Volda og Ørsta kunstlag, som også er vertskap for festspelutstillinga.  

– Leif Nyland har eit sterkt og spennande uttrykk som vi ser fram til å vise publikum. Vi gler oss stort til festspelutstillinga og er glade for å føre vidare denne tradisjonen, seier leiaren i Volda og Ørsta kunstlag, Jan Henning Egset. 

Festspela har lang tradisjon for samarbeid med lokale aktørar, noko som spreier festivalstemninga vidare frå Aasentunet til fleire arenaer og arrangement i Ørsta og Volda sentrum.   

– Samarbeidet om festspelutstillinga er både kjært og spennande, seier fungerande forskings- og samlingsleiar ved Nynorsk kultursentrum, Stina Aasen Lødemel. – Saman løftar vi fram breidda i kunst- og kulturfeltet og skapar rom for å utforske samspelet mellom språk, litteratur, musikk og biletkunst. 

  • Portrett av leiar i Volda og Ørsta kunstlag Jan Henning Egset
    1/2
    Leiar i Volda og Ørsta kunstlag Jan Henning Egset Volda og Ørsta kunstlag
  • Portrett
    2/2
    Stina Aasen Lødemel Aasentunet