Brynjulf Jung Tjønn Maria Kleppe Vihovde / Cappelen Damm
Tjønn skriv poetisk og innsiktsfullt om sterke tema som rasisme og familiekriser. Han nyttar nyskapande bilete i kombinasjon med eit enkelt og direkte språk. Som lesar kjenner ein tekstane hans på kroppen.
Introduksjon ved dei ansvarlege for studentvelferdstiltaket Tekst og tanke.
Etter lesestunda kan ein ta med tekstane, tankane sine og ein kopp og trekkje lengre inn i biblioteket for ei samlesingsstund. Du kan velje å berre lytte eller delta med eigne tankar og perspektiv. Her trengst ingen førebuingar, og alle er velkomne akkurat slik dei er – anten du har lese mykje eller lite.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Festspela og studentvelferdstiltaket «Tekst og tanke» i regi av Studenthumanist Lone Ellingvåg Knutsen, Nynorsksenteret v/Guro Kristin Gjøsdal og Biblioteket ved Høgskulen i Volda v/ Elin Gundersen.
- 1/3
Nynorsksenteret - 2/3
Høgskulen i Volda - 3/3
Studenthumanisten