- 1/1
Ingebjørg Bratland, Gunnhild Øyehaug og Tore Kvæven blir alle å treffe under Festspela i år. Astrid Waller, Helge Skodvin og Tom Haga
Årets tema, samspel, gir rom for mange spennande koplingar med festspeldiktar Marit Kaldhol i spissen. Under Festspela vil ho mellom anna lese frå eigen forfattarskap og delta i ei rekkje samtalar.
– Det er ei heilt unik stemning i Aasentunet under Festspela. Vi håper mange vil nytte høvet til å få med seg eit festivalprogram rikt på innsikt og refleksjon, seier festspelsjef og konstituert arenaleiar og Ida Karin Aarflot Kornberg.
Fredag 13. juni kjem sauebonde, lærar og forfattar Tore Kvæven til Ørsta folkebibliotek for å fortelje om det norrøne Grønlands historie med utgangspunkt i boka Når landet mørknar. Dei to ferske sakprosaforfattarane Mone Celine Skrede og Solveig Mork Holmøyvik blir å treffe i Debutantpraten. Begge skriv personlege og engasjerande forteljingar om tema som ligg dei nært. Same kveld får du oppleve fire forfattarar framføre sine favorittdikt frå Ivar Aasens Symra med Runar Gudnason som programleiar, i samband med at klassikaren vert gitt ut på nytt.
Laurdag føremiddag er det barnas dag i Aasentunet med besøk av Lurivar, familiekonsert og barnebokbad. Seinare snakkar Maria Lavik og Frode Flemsæter om odelsrett, arv og det å skulle gi slepp på heimgarden. Litteraturforskarane Stein Arnold Hevrøy og Fredrik Parelius vil drøfte ulike inngangar til diktinga av Olav H. Hauge, og Gunnhild Øyehaug fortel om naturskildringane til Sigrid Undset og korleis dei har inspirert hennar eiga skriving.
Som tidlegare år, blir dei tre første festivaldagane avslutta med kveldsarrangementa Målbar på Møre folkehøgskule. Her blir det kviss med Store Norske Leksikon, konsert med Aasen-tonar med folkesongar Øystein Hovland og pianist og organist John Inge Leira Bjøringsøy, og Møre-Nytt på nytt med programleiar Eirik Risholm Velle.
Også søndag blir det fullt program i tunet. Då blir mellom anna 100 års-jubileet til Nynorsk salmebok markert gjennom gudsteneste og panelsamtale. Redaktør Emil André Erstad held stemnetalen under Ivar Aasen-stemnet, etterfølgt av ein stemningsfull konsert med Beate S. Lech.
– Vi har eit solid program i år, med sterke røyster innan mange ulike sjangrar og kulturuttrykk. Vi kan trygt seie at Festspela tilbyr noko for alle, avsluttar produsent Kim Åge Furuhaug.