Hopp til hovudinnhald

Livsråd frå Lothepus

Er du på jakt etter livsråd litt utanom det vanlege, om heilt vanlege ting? Her får du 113 tips og historier om pengar, kjærleik, dynamitt og anna spetakkel, servert av sjølvaste Lothepus, eller Leif Einar Lothe som han eigentleg heiter. Han har, saman med Heidi Molstad Andresen, samla desse råda i den nye boka «Lothepus-manualen».

Er du på jakt etter livsråd litt utanom det vanlege, om heilt vanlege ting? Her får du 113 tips og historier om pengar, kjærleik, dynamitt og anna spetakkel, servert av sjølvaste Lothepus.

salen, aasentunet Festspela 2026
12. juni 2026
19.00
Kjøp billett (fritt seteval)
  • Samlaget

Lothe er ein mann som har sett og opplevd mykje, og veit å reflektere over kva som er viktig i livet. Han er både kjendis, stavkyrkjebyggjar og entreprenør, og dessutan glad i dynamitt. I tillegg er han jeger, kaptein, musikar, far og sambuar. 

I denne samtalen får du bli betre kjend med både Lothe, livet han har levd, og livet han ønskjer å leve.  

Samtalen blir leia av Ruth Lillegraven. Ho er fødd i Granvin i Hardanger og  har tidlegare vore informasjonsansvarleg i Det Norske Samlaget og seniorrådgivar i kommunikasjonsavdelinga til Samferdselsdepartementet. Sidan 2005 har ho arbeidd som forfattar, på heiltid sidan 2015. Ho har skrive ei rekkje bøker for barn og vaksne.