- 1/1
Erlend Loe Anna-Julia Granberg / Blunderbluss
– Dette er ei spennande tid for nynorsk litteratur og språk. Det meiner vi speglar seg godt i årets program, med deltakarar som mellom anna Linda Eide, Erlend Loe, Agnes Ravatn og Leif Einar ”Lothepus“ Lothe, seier programansvarleg Ida Karin Aarflot Kornberg.
Eit program med stor spennvidde
– Det er ikkje kvart år Festspela samlar ei så stor breidde i programmet. I år har vi med alt frå livsstilsråd frå Lothepus, djupdykk i nynorsk krim, og samtale om språk som premiss for demokrati, med mellom anna Astrid Sverresdotter Dypvik og Jørn Øyrehagen Sunde, fortel museumsleiar Tone Slenes.
Årets festivaltema er «Lys og mørke». Temaet viser til korleis vi forstår verda rundt oss, kva vi opplever og rolla vår i eit samfunn i stadig endring. Gjennom årets program inviterer Festspela alle til framsyningar, høgtlesingar, litteratursamtalar og føredrag som løftar og drøftar temaet på ulike måtar.
Frå folkemusikk til poprock på dialekt
Under festivalopninga torsdag set bandet Oddny startskotet for musikkopplevingane, med sin særeigne poprock på dialekt. Fredag spelar musikar Eirik Havnes på Diktarpub på Tredet og toneset høgtlesingar av festspeldiktar Brynjulf Jung Tjønn, Agnes Ravatn og Erlend Loe.
Laurdag står Valkyrien Allstars på Utescena i Aasentunet. Med Tuva Syvertsen i spissen er dei rekna som pionerar innan den nye folkemusikken. – Vi ventar ei heilt spesiell stemning og eit forrykande liveshow denne kvelden, fortel Slenes.
Søndag blir Festspela avrunda med stemnetalar Tore Renberg og rørande musikk som hentar inspirasjon frå viser, folke- og tradisjonsmusikk ved Camilla Granlien Band.
– Dette er berre noko av det publikum kan få oppleve under Festspela. Vi gler oss til å fylle dagane med sterke møte mellom litteratur, musikk og samfunn. Folk bør ikkje la sjansen til å sikre seg billettar eller dagspass gå frå seg! avsluttar Kornberg
- 1/1
Linda Eide Tore Zakariassen
- 1/1
Leif Einar «Lothepus» Lothe Agnete Brun
- 1/1
Programansvarleg Ida Karin Aarflot Kornberg og museumsleiar ved Aasentunet Tone Slenes er galde for å kunne presentere mange kjende namn i Aasentunet under Festspela 11.-14. juni. Nynorsk kultursentrum
- 1/1
Brynjulf Jung Tjønn Maria Kleppe Vihovde / Cappelen Damm