I denne samtalen møtest festspeldiktar Brynjulf Jung Tjønn og Lars Petter Sveen til ein utforskande samtale om forfattarskapen til avdøde Jan Roar Leikvoll – ein av dei mest særmerkte røystene i nyare norsk litteratur.
Leikvoll skreiv fram verder der det vakre og det brutale, det ømme og det groteske, ofte står side om side. I bøkene opplever lesaren både eit skarpt mørke og eit uventa lys: glimt av håp, varme og menneskeleg nærleik midt i det som kan vere både urovekkjande og brutalt. I forfattarskapen sin undersøkte Leikvoll grenselandet mellom det menneskelege og det framande, og mellom sårbarheit og råskap.
Med utgangspunkt i festivaltemaet lys og mørke går samtalen innom det som driv Leikvolls litterære univers. Kva kan forfattarskapen fortelje oss i dag, kva er vondskap og gode handlingar i bøkene? Korleis blir kjærleik stilt i brutal kontrast til vondskapen, og seier det noko om eit radikalt og originalt syn på menneske og svakleik?
Samtalen vil også opne for refleksjonar om korleis ein les og blir påverka av litteratur som kan skape ubehag og utfordre – og om kvifor nettopp slike tekstar kan kaste nytt lys over det å vere menneske.
Velkomen til ein samtale om ein forfattarskap som framleis set spor.
Lars Petter Sveen er forfattar og bibliotekar. Han er tidlegare elev på Skrivekunstakademiet i Hordaland og fekk Tarjei Vesaas' debutantstipend, Aschehougs debutantstipend og Sunnmørsprisen for debutboka «Køyre frå Fræna» i 2008. Sveen har skrive fleire romanar om erfaringa og kjenslene til enkeltindivid ramma av urett og katastrofar. Han var festspeldiktar under Dei nynorske Festspela i 2013.
Brynjulf Jung Tjønn er forfattar, lyrikar, forlagsredaktør og journalist. Han har vore journalist og reporter for VG og NRK, redaktør for nettstaden til Den norske kyrkja, redaktør for tidsskriftet Bokvennen og forlagsredaktør i Det Norske Samlaget. Tjønn har òg vore styreleiar i Den norske Forfatterforening i perioden 2023–2024.
Samtalen blir leia av Bjørn Vatne. Vatne debuterte som forfattar i 2015 med romanen «Slik skal vi velge våre ofre», som vart kåra til årets roman av norske bokbloggarar. I tillegg til forfattarvirket sitt jobbar han med litteraturformidling, også på tvers av kunstnariske uttrykk. Vatne er også tidlegare leiar for Den norske Forfatterforening.