Hopp til hovudinnhald

Målbar: Festivalkviss med Store norske leksikon

Ta utfordringa og set allmennkunnskapane dine på prøve!

Ta utfordringa og set allmennkunnskapane dine på prøve!

Peisestova, Møre folkehøgskule Festspela 2026
13. juni 2026
22.30
Kjøp billett
  • Erik Bolstad Tomaris Semet

Festspela inviterer i samarbeid med Store norske leksikon til kviss i Peisestova på Møre folkehøgskule. Vinnarane får flotte premiar frå museumsbutikken i Aasentunet.  

Kvissen er laga av og blir leia av Store norske leksikon ved sjefsredaktør Erik Bolstad. Her blir det spørsmål om alt mellom himmel og jord. 

Ta med deg naboar, venner og familie til årets leksikonbaserte tevling, då vel! Du kan òg kome aleine, for her kan alle finne seg eit lag.  

PS: Har du tid til overs før kvelden kjem, kan du lese deg opp på Store norske leksikon sine 190 000 artiklar. Du kjem likevel langt med den allmennkunnskapen du har frå før, og ikkje minst med godt humør!  

Arrangementet har 18-års aldersgrense grunna alkoholsal.