Hopp til hovudinnhald

Målbar: Konsert med Aasen-tonar

Mange kan «Dei gamle fjelli» og «Nordmannen» (Mellom bakkar og berg), men Ivar Aasen skreiv mange songar som fortener å brukast meir.

Folkesongar Øystein Hovland frå Ørsta har eit stort repertoar med folketonar til Ivar Aasen sine songar frå eigen familietradisjon. Saman med pianist og organist John Inge Leira Bjøringsøy på trøorgel skal han framføre Ivar Aasen-songar og fortelje om bruken av songane.

Peisestova, Møre folkehøgskule Festspela 2025
13. juni 2025
23.00 / Fredag
Kjøp billett

Folkesongar Øystein Hovland frå Ørsta har eit stort repertoar med folketonar til Ivar Aasen sine songar frå eigen familietradisjon. Saman med pianist og organist John Inge Leira Bjøringsøy på trøorgel skal han framføre Ivar Aasen-songar og fortelje om bruken av songane. Kanskje vert det allsong òg?  

Øystein Hovland kjem frå Ørsta og har utdanning i folkesong frå Universitetet i Søraust-Noreg. Han arbeider til dagleg som lærar og har skrive mastergrad om songkultur på tvers av generasjonar.  

John Inge Leira Bjøringsøy kjem frå Hjørundfjorden og arbeider som geitebonde, pianist og organist. Han spelar mellom anna i folkemusikkgruppa Særsvip, som gav ut plata med same namn i 2018, og har elles spela med fleire musikarar innan ulike sjangrar.

Museum24:Portal - 2025.04.08 / v2.0.7.3
Grunnstilsett-versjon: 2