Hopp til hovudinnhald

Målbar: Kviss med Store norske leksikon

Er du klar for å teste allmennkunnskapane dine? Festspela inviterer i samarbeid med Store norske leksikon til kviss i Peisestova på Møre folkehøgskule. Vinnarane får flotte premiar frå museumsbutikken i Aasentunet.

Er du klar for å teste allmennkunnskapane dine? Festspela inviterer i samarbeid med Store norske leksikon til kviss i Peisestova på Møre folkehøgskule.

Peisestova, Møre Folkehøgskule Festspela 2025
12. juni 2025
22.00 / Torsdag
Kjøp billett

Kvissen er laga av og blir leia av Store norske leksikon. Her blir det spørsmål om alt mellom himmel og jord, men det er nok ein fordel å vere glad i og oppteken av nynorsk. 

Ta med venner, uvenner og familie til årets leksikonbaserte tevling, då vel! Du kan òg kome aleine, for her kan alle finne seg eit lag.

PS: Har du tid til overs før kvelden kjem, kan du lese deg opp på Store norske leksikon sine 190 000 artiklar. Men du kjem langt med allmennkunnskap og godt humør!

 

Arrangementet har 18-års aldersgrense. 

  • Målbar på Møre Folkehøgskule under Festspela
    1/2
    Målbar på Møre Folkehøgskule Nynorsk kultursentrum
  • Logoen til Store norske leksikon
    2/2
    Store norske leksikon
Museum24:Portal - 2025.04.08 / v2.0.7.3
Grunnstilsett-versjon: 2