Bak konseptet står ein liten gjeng som pløyer seg gjennom lokalavisene i regionen, på jakt etter morosame skråblikk. Sidan det ikkje er like mykje som skjer på bygda som i Tigerstaden, vert tidsperspektivet noko annleis: Her vert det ikkje nødvendigvis nyhende frå veka som gjekk, men snarare frå det siste halvåret. Formatet er også tona litt ned: I staden for programleiar pluss to faste deltakarar og to gjestar per show, blir det sett saman ein dynamisk trio av deltakarar som vert skifta ut frå gong til gong.
Under Festspela 2025 vil ørstingen Eirik Risholm Velle gjenta rolla som programleiar, etter to suksessfulle show på Stødt i Ørsta. Kven dei to andre paneldeltakarane vert er ei overrasking.
Konseptet hentar mykje frå «storebroren» på NRK: Vi får oppgåver som «Kva skjuler seg bak sladden?», «Kven skal ut?» og «Kva nytt ord skal vi fram til her?». I tillegg får vi nokre eigne og heimesnikra innslag.
Sidan vi bur i eit lite lokalsamfunn, vil Møre-Nytt på nytt vere varsame med å sparke nedover. Redaksjonen til Møre-Nytt på nytt håper samstundes at folk som stikk seg fram i lokalpressa, toler å bli lett harselerte med.
Redaksjonen til Møre-Nytt på nytt følgjer «Ver morosam-plakaten».
- 1/1
Møre-Nytt på nytt Privat