Hopp til hovudinnhald

Målbar: Muffens i posen

Velkomen til ein underhaldande kveld på Møre folkehøgskule, når Linda Eide brukar alt ho har lært av fagfolk og lekfolk, og gyv laus på det fascinerande, fantastiske, herlege og ytst irriterande fenomenet som omgir oss tjuefire sju: språket!

Velkomen til ein underhaldande kveld på Møre folkehøgskule med Linda Eide på scena!

Peisestova, Møre folkehøgskule Festspela 2026
11. juni 2026
22.00
Kjøp billett
  • Tore Zakariassen

Kva ler vi av? Kva blir vi forbanna av? Kva har vi null kontroll over? Og når er språket på sitt mest imponerande? «Muffens i posen» er underhaldande folkeopplysning, med ørlite ekstra vekt på underhaldande. 

Linda Eide er best kjend som journalist og programleiar i NRK Radio og TV, men skriv òg bøker og scenetekstar og samarbeider med musikarar og artistar. Kall det infotainment, folkeopplysning eller journalistikk med skråblikk – ho har alltid noko på hjartet, og ho vil gjerne at publikum skal både tenkje og le.