Juryleiar Solveig Barstad står for den høgtidelege utdelinga av Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for journalistar. Det blir ein samtale med prisvinnarane, og vi får høyre om korleis det er å jobbe med journalistikk på nynorsk i Hallingdal.
Nynorskprisen for journalistar har vore delt ut sidan 2006. Blant tidlegare vinnarar finn vi Roger Sevrin Bruland, Linda Eide, Ingvild Bryn og Arill Riise.
Om NRK Nynorsk mediesenter:
NRK Nynorsk mediesenter lærer opp nynorskbrukande journalistar i radio, fjernsyn, nett og sosiale medium. Senteret har tre tilsette og held til i Førde. NRK Nynorsk mediesenter fungerer som eit strategisk rekrutteringstiltak i NRK, der målet er ha minst 25 prosent nynorsk i det journalistiske innhaldet.
- 1/2
Frå Medietimen under Festspela 2024 Nynorsk kultursentrum - 2/2
Logoen til Nynorsk mediesenter