Hopp til hovudinnhald

Medietimen

Møt vinnaren av nynorskprisen for journalistar 2026: Sigrid Agnethe Hansen i NRK Troms!

NB! Arrangementet har funne stad

Møt vinnaren av nynorskprisen for journalistar 2026!

Salen, Aasentunet Festspela 2026
12. juni 2026
12.00 GRATIS
  • ei dame sit i eit NRK-studio
    Vinnar av nynorskprisen for journalistar, Sigrid Agnethe Hansen August Hansen / NRK

Hansen er ein sjeldan nynorskfugl i nord. Ho er frå Harstad og er utdanna ved universiteta i Tromsø og Oslo. Ho gjekk NRK Nynorsk mediesenter i Førde, og har seinare arbeidd i to omgangar i NRK Troms. I mellomtida var ho blant anna journalist i avisa iTromsø. Hansen har sidan 2025 vore tilbake som reporter i NRK Troms, og ho har heile vegen halde fast ved nynorsken i det bokmålsspråklege Tromsø. Utanom journalistikken har ho skrive to ungdomsbøker.

Juryleiar Jens Kihl står for den høgtidelege utdelinga av Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for journalistar. Det blir ein samtale med prisvinnaren, blant anna om korleis det er å jobbe med journalistikk på nynorsk i Troms. Det blir også musikalsk innslag med Bjørnar Myhr på piano, Terje Tafjord på klarinett og Runar Tafjord på horn. 

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar, ofte kalla Nynorskprisen for journalistar, er ein mediepris som Kultur- og likestillingsdepartementet deler ut til journalistar som nyttar nynorsk. Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media. Prisen blir delt ut årleg til ein journalist som har utmerkt seg ved å bruke levande og god nynorsk i media, og som har gitt nynorsk status eller innpass på nye område. 

Juryen for nynorskprisen for journalistar er sett saman av: 

Jens Kihl, journalist og frontsjef i Bergens Tidende (leiar) 

Arill Riise, journalist og programleiar i TV 2 

Unn Røyneland, professor i nordisk språkvitskap og fleirspråklegheit ved Universitetet i Oslo 

  • tre personar står i ei brusteinlagd gate mellom fargerike murbygg
    1/1
    Juryen: Unn Røyneland, Jens Kihl og Arill Riise Rune Fossum Lillesvangstu