Hopp til hovudinnhald

Mennesket og krigshelten Martin Linge ved Svein Linge

Kva skjedde då krigshelten Martin Linge fall i Måløy 27. desember 1941? Stemmer den offisielle historia, som er at det var hans eigen feil? Eller gjekk han i ei felle fordi britiske kommandosoldatar ikkje hadde gjort jobben sin?

NB! Arrangementet har funne stad
Aasentunet
Indrehovdevegen 176 6160 Hovdebygda
14. sep. 2025
15.00
  • bokomslag av boka Mennesket og krigshelten Martin Linge
    Mennesket og krigshelten Martin Linge Svein Linge

Søndag 14. september presenterer Svein Linge mellom anna historia til det einaste augnevitnet som var med då Linge fall.  

Føredraget tek utgangspunkt i biografien Mennesket og krigshelten Martin Linge, som fortel om barne- og ungdomsåra som skapte skodespelaren, organisatoren, kapteinen og krigshelten.  

Forfattaren Svein Linge frå Valldal på Sunnmøre er bonde, journalist, redaktør og forfattar. Han har skrive ei rekkje historiske avisartiklar mellom anna om personar og episodar frå krigsåra 1940–45  på indre Sunnmøre. Svein Linge er ikkje i familie med Martin Linge.