Hopp til hovudinnhald

Minneføredraget med Margunn Rauset : Kva endringar har Nynorskordboka vore gjennom dei siste åra?

Velkomen til minneføredraget under Festspela. Minneføredraget er eit fast innslag under festivalen, og har vore på programmet sidan 1994.

Velkomen til minneføredraget under Festspela. Minneføredraget er eit fast innslag under festivalen, og har vore på programmet sidan 1994.

Salen, Aasentunet Festspela 2025
13. juni 2025
13.30 / Fredag
Kjøp billett

Føredraget formidlar relevant forsking og aktuelle tema innan nynorsk skriftkultur, språk og litteratur. I år får du høyre om endringane Nynorskordboka har vore gjennom dei seinare åra.  

Margunn Rauset er språkforskar ved Universitetet i Bergen. Mykje av forskinga hennar knyter seg til ordbøker, faste uttrykk og skilnader mellom bokmål og nynorsk. Sidan 2018 har ho leia arbeidet med å revidere Bokmålsordboka og Nynorskordboka, som vart feira då dei reviderte ordbøkene vart lansert i januar i år. Mykje har skjedd i det ytre, sidan standardordbøkene har fått seg ny nettstad på ordbøkene.no, men vel så viktig er oppgraderinga av innhaldet, der definisjonar har blitt endra i tråd med moderne språkbruk og over 20 000 nye (og gamle) ord er tekne inn. 

  • Profilbilde av spårkforskar Margunn Rauset
    1/2
    Margunn Rauset Frode Ims / UiB
  • Skjermbilde frå ordbøkene.no
    2/2
    Skjermbilde frå ordbøkene.no
Museum24:Portal - 2025.04.08 / v2.0.7.3
Grunnstilsett-versjon: 2