I dette foredraget vil Øyehaug syne fram ulike sider ved Undset si evne til å skildre naturen, og – som ho seier sjølv – «mitt eige problem med å skrive naturskildringar».
Sigrid Undset (1882–1949) er Noregs internasjonalt mest kjende kvinnelege forfattar. I 1928 vart ho tildelt Nobelprisen i litteratur. Mest kjend er ho for dei litterære skildringane av mellomalderen i Norden i ulike romanar, noveller og helgenforteljingar, mellom anna den storslegne trilogien «Kristin Lavransdatter».
Gunnhild Øyehaug er forfattar, litteraturkritikar og lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Ho er utdanna cand.philol. frå Universitetet i Bergen med hovudfag i litteraturvitskap. Forfattarskapen hennar har hausta gode kritikkar og fleire gjæve prisar i ei årrekkje. Øyehaug var festspeldiktar i 2015.
- 1/1
Gunnhild Øyehaug Helge Skodvin