- 1/1
Ida Haugland
Denne gongen kom over hundre førskuleborn på besøk til museet. Dei vart betre kjende med denne flotte kulturskatten i nærområdet sitt og forteljinga om Ivar Aasen. Formidlarane i Aasentunet, Ida Haugland og Ida Karin Aa. Kornberg, fortalde om Aasen sin oppvekst i Hovdebygda og korleis livet var på Aasen si tid.
- Det er gjennom samtalar, kvardagslege døme og aktivitetar vi startar med for å danne ein grunnleggande kjennskap til Ivar Aasen og språkhistoria vår for denne aldersgruppa, seier Kornberg.
Borna fekk lære om gjenstandar som Aasen nytta i kvardagen og på språkreisene sine, før dei fekk utforske sjølve i utstillinga.
- Gjenstandane er det mykje lærdom i. Dei fortel oss ikkje berre om personen Ivar Aasen, men òg om tida han levde i. Utforsking, undring og leik med språk står sentralt i opplevinga borna får hjå oss, understrekar Haugland.
Besøka desse dagane er eit samarbeid mellom Aasentunet, Ørsta kommune i regi av Barnas Vel barnehage, og Ørsta mållag.
- Det er gratis for barnehagar å besøke Aasentunet og få omvising, og vi håper at slike samarbeid gjer at fleire barnehagar får auga opp for kva vi har å tilby året rundt, fortel formidlarane Haugland og Kornberg.