Olav Duun. Fotograf: Anders Beer Wilse
I høve 150-årsdagen til forfattaren Olav Duun inviterer vi til eit stemningsfullt
og innhaldsrikt arrangement som heidrar arven etter ein av dei mest markante
stemmene i norsk litteratur.
Denne kvelden får du føredrag ved Grethe
Fatima Syéd og høgtlesing av eit utval av Duun sine tekstar ved skodespelar Anderz
Eide.
Syéd tek oss med inn i Duun sine store forteljingar om menneskesinnet og til dei
levande skildringane av kystsamfunnet han vaks opp i. Føredraget skildrar
aktualiteten i Duun sin forfattarskap i dag, 150 år etter han blei fødd.
Eide vil lese utdrag frå utvalde tekstar. Med varme og nærleik blir publikum invitert til
å oppleve Duun sitt språk og univers slik det kling når det blir lese høgt.
Arrangementet passar både dei som kjenner Olav Duun godt frå før
og dei som ønskjer å bli betre kjend med forfattaren.
- 1/2
Eivind Synneset - 2/2
Leon Mathisen