Om festivalen
Festivalen Festspela har sidan 1992 vore ei årleg feiring av nynorsk språk og kultur. Under Festspela får du møte aktuelle forfattarar, artistar og fagfolk. Du får oppleve konsertar, teater, litteratur, og kunst.
-
Mari Boine på Utescena Svein Olav Humberset / Nynorsk kultursentrum
Det yrer av liv i Aasentunet under festspeldagane. Uteamfiet blir fylt med underhaldning for publikum i alle aldrar, med pop-, rock-, folkemusikk- eller jazzkonsertar, barneteater og gudsteneste. Inne i salen kan du oppleve teater, forfattarmøte, meir intime konsertar og kulturfaglege førelesingar. Kafeen er open og har eit variert tilbod med lunsj, middag og kaker alle dagane. Som gjest på festivalen har du gratis inngang til museumsutstillinga heile helga. Museumsbutikken har som alltid gode Festspel-tilbod.
Festspela har også arrangement andre stader i Ørsta og Volda desse dagane.
PRAKTISK INFORMASJON
Arena og parkering
Aasentunet
Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda
Aasentunet ligg like ved E39, midt mellom Volda sentrum og Ørsta sentrum, med 5 km til begge sentrum. Tunet ligg ca ein time med bil frå Ålesund sentrum.
Aasentunet har parkering langs Indrehovdevegen, men under Festspela har vi ikkje plass til alle.
Blir det fullt langs Indrehovdevegen, har vi avtale med grannar hos øvingsbana til NAF på andre sida av hovudvegen E39.
Rørslehemma
Under Festspela er det reservert tre parkeringsplassar for rørslehemma ved Indrehovdevegen. Diverre er ikkje parkeringa for rørslehemma i sjølve Aasentunet tilgjengeleg under Festspela, men alle som har behov for det får høve til å køyre opp i tunet. Bilen må deretter køyrast ned att. Treng du hjelp til dette, stiller vi gjerne opp. Vi reserverer elles alltid nokre plassar til rørslehemma nær scena i uteamfiet. Øvst i Salen på vestre side er det også plass til rullestolbrukarar.
Alternativ til bil
Generelt vil vi oppmode alle som har høve til å sykle, ta buss eller samkøyre med vener og naboar. Vi har eiga sykkelparkering, og busshaldeplassen Åsen er ikkje langt unna. Det går buss frå Volda og Ørsta minst éin gong i timen, og du kan orientere deg i FRAM-appen. Aasentunet har eigen parkeringsplass, men under Festspela er det ikkje plass til alle her. Vi har avtale om parkering med gode naboar i nærområdet og parkeringsvakter i aktuelle periodar.
Transport
BIL
Aasentunet ligg like ved E39, midt mellom Ørsta og Volda.
Frå Ålesund er avstanden ca 60 km. Frå Bergen ca 300 km.
BUSS
Nattbuss frå Trondheim og Oslo til Volda og Ørsta kvar natt.
Dagbuss frå Bergen til Volda og Ørsta kvar dag.
TIMEekspress Volda–Ålesund–Molde–Kristiansund
Lokalbuss mellom Volda og Ørsta ein til to gonger i timen. Ca. 10 minutt å gå frå buss-stopp.
FLY
Widerøe
Rutefly fleire gonger dagleg frå Bergen og frå Oslo,
dels direktefly, dels med mellomlandingar.
Hovden flyplass ligg ca 1 km frå Aasentunet og 5 km frå Volda eller Ørsta sentrum. Frå flyplassen treng ein vanlegvis drosje eller privat skyss. Ca 10 minutt å gå til busshaldeplass.
Norwegian og SAS
Rutefly fleire gonger dagleg til Vigra flyplass utanfor Ålesund. Derifrå er det drygt 2 timars busstur til Ørsta og Volda.
Flyruter Norwegian
Flyruter SAS
Overnatting og mat
Ørsta og Volda sentrum har fleire overnattingsstader å by på, anten du vil bu på hotell, i hytte eller camping.
ØRSTA
Hotel Ivar Aasen
Hotel Union Øye
Møre Folkehøgskule
Sagafjord Hotel
Bondalselva Camping
Brudevoll Gard
Hjørundfjord Camping
Nipehyttene Hytteutleige
Ørsta Camping
Ørsta hytteutleige
Biancabu
VOLDA
Bjørkedalen Gjestehytter
Volda Turist Hotell
OPPLEVINGAR I NÆROMRÅDET