Hopp til hovudinnhald

Omvising i Aasentunet og Sivert Aarflot-museet

Omvisinga startar og sluttar i Aasentunet med busstransport fram og tilbake. Ingvil E. Grimstad, fagdirektør kulturhistorie ved Viti, vil halde omvisinga i Sivert Aarflot-museet.

Aasentunet Festspela 2025
13. juni 2025
09.30 – 11.00 / Fredag / GRATIS
Fribillett

Då Ivar Aasen vaks opp spela Aarflot-garden på Egset, med eige bibliotek og prenteverk, ei avgjerande rolle i Aasens opplæring. Kva hadde tilgangen til slike ressursar å seie for Aasen og kva var dei særskilte tilhøva som låg til rette i Volda på denne tida? Dette og meir får du svar på når vi, i høve 25-årsjubileet til Aasentunet, tilbyr omvising i Aasentunet og på Sivert Aarflot-museet.

Omvisinga startar og sluttar i Aasentunet med busstransport fram og tilbake ved Vy Buss. Ingvil E. Grimstad, fagdirektør kulturhistorie ved Viti, vil halde omvisinga i Sivert Aarflot-museet.

  • frå omvising i gamlemuseet i Aasentunet
    1/3
    Illustrasjonsbilde. André Hustoft Nesheim
  • Logoen til Siver Aarflot-museet
    2/3
    Logoen til Siver Aarflot-museet
  • Sivert Aarflot-museet sett utanfrå i sommarlege omgjevnader
    3/3
    Sivert Aarflot-museet Marius Beck Dahle
Museum24:Portal - 2025.04.08 / v2.0.7.3
Grunnstilsett-versjon: 2