Motivkrinsen i Gunilla Holm Platou sine bilete er ofte dyr og skapningar av ulike slag. Bileta er leikne, men ber òg ofte i seg eit viktig tema: naturvern og miljøet vårt. Spesielt har ho omsut for utryddingstruga fuglar, og fuglar er eit gjentakande motiv i kunsten hennar. Holm Platou jobbar òg med ulike miljøvernprosjekt både aleine og saman med andre, med spesielt fokus på matavfall, forureining og vern av natur.
Holm Platou jobbar med mange typar medium i biletkunsten sin, slik som olje, akryl, akvarell, blekk og blyantar. Ho jobbar òg med trykketeknikkane litografi og silketrykk, i tillegg til digitale grafiske bilete. Stilen er ofte naivistisk. Humoristiske ku-bilete er eit anna gjentakande motiv i Holm Platou sin kunstnarskap.
Holm Platou har hatt over 60 separatutstillingar og har delteke i ei rekkje kollektivutstillingar sidan ho satsa fullt på kunsten i 2003. Ein del kjenner ho nok igjen frå fjernsynsskjermen på 1990-talet, som programleiar for TV2.
Utstillinga har følgjande opningstider under Festspela:
Torsdag: kl. 16.30–19.00
Fredag: kl. 12.00–16.00
Laurdag: kl. 12.00–16.00
Søndag: kl. 12.00–14.00
Utstillinga vil stå til 4. juli.
Opningstidene etter Festspela er torsdag–laurdag kl. 12.00–16.00.
Arrangør er Volda og Ørsta kunstlag og Festspela.
- 1/1
Gunilla Holm Platou