I år blir det ekstra stor feiring når Aasentunet inviterer til gratis opning av Festspela og gratiskonsert 12. juni.
Aasentunet feirar 25 år i år, og vi vier difor festivalen sin første dag til å markere dette. Denne doble storhendinga gir deg ei unik mogelegheit til å oppleve både den kulturelle rikdomen Festspela har å by på, og å feire eit kvart hundreår med det viktige arbeidet Aasentunet gjer for å formidle nynorsk språk, litteratur og kultur og arven etter Ivar Aasen.
Feiringa har eit innhaldsrikt og variert program med framsyning ved festspeldiktar Marit O Kaldhol, dansar Bao Andre Nguyen og musikar Steinar Raknes. Åse Kleveland held opningstalen, og styreleiar i Nynorsk kultursentrum Jan Olav Baarøy deler ut prisen for Årets nynorskbrukar.
Vi avsluttar kvelden med storslått gratiskonsert med Stein Torleif Bjella.
Praktisk informasjon
Opninga med konsert er gratis, men publikum må førehandstinge billett (sjå billettknapp over). Ein kan maks tinge 2 billettar per brukar. Det er avgrensa med sitjeplass i amfiet, så ein bør vere tidleg ute om ein ønskjer billettar til dette området. Resterande billettar sikrar deg sitjeplass i lyngen.
Innslepp til Utescena frå kl. 18.00 mot framvist førehandstinga billett. Arrangementet startar kl. 19.00.
Aasentunet held ope frå kl. 11.00 torsdag 12. juni. Det er gratis inngang til museumsutstillinga vår under heile festivalen, og kafeen byr på eigen festspelmeny frå kl. 16.00.
Velkomen!
Bio
Marit O Kaldhol er årets festspeldiktar. Ho debuterte i 1983 med diktsamlinga «Lattermilde laken», og har sidan skrive romanar, noveller og diktsamlingar for både barn og vaksne. Kaldhol har fått fleire nasjonale og internasjonale prisar, mellom anna for barneboka «Farvel, Rune» (1986).
Bao André Nguyen er tidlegare landslagsturnar for Noreg, og byrja med dans i 2007. Han
har vunne fleire prisar med dansekompaniet Kingwings, og starta skodespelarkarrieren sin i 2017 med roller på både skjerm og teater. Nguyen spelar for tida i musikalen «Miss Saigon» på Folketeateret, medan han produserer og spelar hovudrolla i sin eigen spelefilm.
Steinar Raknes er bassist, vokalist og låtskrivar. Raknes har turnert i store delar av verda og har samarbeidd med musikarar frå fleire sjangrar, med røtene sine i jazzmusikken. Han er kjend for å utnytte potensialet til instrumentet og for å nytte alternative pizzicato-teknikkar på kontrabassen, inspirert av det afrikanske instrumentet kora og amerikansk fingerspeling.
Åse Kleveland er visesongar, politikar og kulturarbeidar. Ho slo først gjennom som artist, og har seinare vore kulturminister frå 1990 til 1996. Kleveland la ned grunnsteinen til Aasentunet 15. september 1996, og det er med stor glede vi ønskjer henne velkomen attende til årets markering.
Stein Torleif Bjella er for mange kjend for jordnære og poetiske tekstar og gode formidlingsevner frå scena. I år har han vore aktuell som deltakar i TV2-programmet «Hver gang vi møtes». I tillegg til å vere musikar er Bjella òg ein anerkjend forfattar, med diktsamlinga «Jordsjukantologien Nr. 1» og romanen «Fiskehuset», som vann Nynorsk Litteraturpris og blei nominert til P2-lytternes romanpris i 2021. Musikken til Bjella har også inspirert fleire teateroppsetjingar, slik som «Kan nokon gripe inn» og «Heil ved».
- 1/5
Stein Torleif Bjella Pressefoto - 2/5
Marit O Kaldhol Fotograf Ma - 3/5
Åse Kleveland Tore Sætre - 4/5
Bao André Nguyen Deniz Demir - 5/5
Steinar Raknes Nina Djærff